mandag 20. september 2010

Tolkning av "Liket"


Tolkning av ”Liket”                        Innlevering 21. September 2010           



”Liket” er skrevet av forfattaren Tor Jonsson. Novella er henta frå diktsamlinga ”Nessler” som blei utgitt i 1949.

Handlinga blir fortalt gjennom forfattaren sine auge og historia fortel om ein gut som heter Arne. Novella handlar om korleis ei bygd greier å drive Arne til sjølvmord. Arne er ven med forteljaren, men forteljaren trekker seg nokon gangar unna av redsel for sjølv å bli mobba, slik Arne blir. Arne tek til slutt sitt eiga liv og historia vidare fortel kva forfattaren gjer etter dette. Han skriv eit innlegg i avisa og fortel kvifor Arne tok sitt eiga liv.  Han klarar ikkje å leve med feigskapen, sjølv om han veit at dei andre i bygda vil reagere.

Jonsson vekslar mellom notid og fortid i komposisjonen. Innleiinga er skreve i notid og teksten fortsetter så vekslande mellom nåtid og fortid. Det gir lesaren meir innleving i historia og gjer den meir truverdig.

Forteljarstemmen er personlig og levande.  Synsvinkelen er 1.person og understrekar forholdet  forfattaren har til Arne og bygda. Skildringa er subjektiv og personar skildras gjennom korleis dei ser ut og kva dei har på seg.

Spenningskurven er bratt og høgdepunktet kan man si er når lesaren får vite at Arne tek sitt eiga liv. Dette får vi vite tidleg, allereie i innleiinga.  Deretter flater spenninga ut og fallar gradvis mot slutten. At høgdepunktet kommer så tidleg gjer at forfattaren får lesaren meir interessert i bakgrunnen for kvifor det hendte. Altså trur eg forfattaren har gjort dette bevisst.

Miljøet i novella er representert ved bygdefolket. Historia har ikkje noko beskriving av det kringliggande, men dei personlege og sosiale forholda blir skildra. Forholdet mellom Arne og forfattaren, og forholdet mellom Arne og bygdefolket blir skildra. Bygdefolket blir skildra som ein einsarta gruppe kor alle meiner det same, og alle synes at Arne er ein tosk og tulling i grenda.

Ordval er eit viktig verkemiddel i teksten. Språket er skildrande og forfattaren bruker mye bilete. Det er mange innslag av besjeling: 

”… grenda vakna til mordargjerning…”
”…nakkehåret måla kragen svartare for kvar dag…”
”…raude tunger skaut rygg bak svarte tenner…”

Det er og fleire eksemplar på bruk av metaforar i teksten. Det gjer at forfattaren greier å beskrive grundig med få ord:

”…liksom ein kald vindgufs mellom oss…”
”…tankane mine var som knyttnevar år etter år…”
”…gul og blodut av utbrent liv, bleik av unemnande undergangssorger..”
”…brennande beiske som min eigen ungdom…”


Temaet i teksten er mobbing og korleis ei gruppe kan påverke eit individ til å gå så langt at han tek sitt eige liv. Forfattaren er den personen som prøver å bryte med det dei andre i bygda gjer og seier mot ein som er annleis. Historia viser kor vanskelig det er å gå imot fleirtalet si væremåte og meiningar. Historia viser korleis det å være annleis ikkje aksepteras. Temaet er like aktuelt i dag som da Jonsson skrev det for snart 60 år sida. I stede for å være nysgjerrig og open for nye og ukjente ting angriper vi det som om det var farleg. Jonsson skriv som ei oppsummering i siste avsnitt i novella: ”Det er alle desse redde, innestengde menneske, som knuser kvarandre og jagar kvarandre inn i ei innestengt verd. Liket – det er alle som dagleg døyr og drep i ei verd der lykka er nær og berrsynt og livsens evangelium kan formas med to ord: Ver uredd. -”

7 kommentarer:

  1. hei ! hva vil du si om overskriften (liket) altså skildre om det .

    SvarSlett
  2. Det er en bra tittel 8/10 litt avslørende.

    SvarSlett
  3. Hva er sjangeren i denne tensten?

    SvarSlett
  4. Hva er sjangeren i denne tensten?

    SvarSlett
    Svar
    1. novellen er saktekst, fordi den er ikke oppdiktet men en sann historie

      Slett